Eviny reddar fisk i kulden

Publisert 24. februar 2026

Langvarig kulde har skapt problem for laks og sjøaure i mange vassdrag. For å hjelpa fisken gjennom den uvanleg kalde og tørre vinteren, har Eviny i fleire veker sleppt ekstra vatn i ei rekkje elvar.

Roger Langhelle og Roger Halland ved Kvernhusfossen i Matrevassdraget.Foto: Olav Bjarte Hjartholm

NRK Dagsrevyen 21 og Vestlandsrevyen hadde i går innslag om tiltaka til Eviny. (åpnes i nytt vindu)

– Situasjonen i år er svært spesiell, og då har vi på eige initiativ valt å gjera ekstra tiltak med å sleppa vatn der det har vore størst behov. Det har redda mange egg og yngel, seier spesialrådgjevar på natur og miljø i Eviny Fornybar, Sissel Hauge Mykletun.

1,8 millionar kroner i tapt produksjon i Evanger kraftverk

I Teigdalsvassdraget slepp Eviny no vatn frå Eide–Fannadalen – vatn som normalt går til kraftproduksjon i Evanger kraftverk. 29. desember starta Eviny med å sleppa 250 liter/sekund, og dette vart auka til 320 liter/sekund frå 6. januar. Dette tiltaket har til no kosta om lag 1,8 millionar kroner i tapt kraftproduksjon.

Drifta i Evanger kraftverk er også avgjerande for å sikra stabile vassmengder til alle dei viktige gyteområda for Vossolaksen frå Evangervatnet og ned til Bolstadfjorden.

Frivillige tiltak i fleire vassdrag

Den spesielle situasjonen i år gjer at Eviny også har innført frivillige tiltak i fleire andre vassdrag, mellom anna i Matrevassdraget og i Jølstra. I Matrevassdraget tapar Eviny 115 000 kroner i veka fordi tiltaka reduserer produksjonen i Matre kraftverk.

Avisa Nordhordland (åpnes i nytt vindu) har laga ein artikkel om tiltaka Eviny har gjort i Matrevassdraget.

– Vi ynskjer å vera ein pådrivar for betre miljøtilstand i vassdraga vi påverkar. Derfor har vi også vedtatt nye ambisiøse naturmål for å stansa og reversera tap av natur, seier Mykletun.

Her kan du lesa meir om naturmåla til Eviny

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler