Nye kraftverk vil gi millioninntekter til Kvam og Samnanger
Publisert 16. oktober 2025
Eviny sine to planlagde kraftverk i Samnangervassdraget kan gi om lag 25 prosent auke i dei årlege kraftinntektene til vertskommunane Samnanger og Kvam. I dag får Samnanger kommune om lag 21,5 millionar kroner i inntekter frå Eviny sin kraftproduksjon i Samnangervassdraget, medan Kvam herad får 7 millionar.
– Dei to nye kraftverka vil gi ein vekst i inntektene til kommunane. Våre overslag viser at dei samla vil få rundt 7 millionar kroner meir i året. I tillegg kjem fleire titals millionar i ekstra skatteinntekter i byggjefasen og dei første driftsåra, seier Sonja Chirico Indrebø, administrerande direktør i Eviny Fornybar.
Bidraget vil vertskommunane vil koma frå eigedomsskatt, konsesjonskraft, konsesjonsavgifter og naturressursskatt. I overslaget er det lagt til grunn ein kraftpris på 50 øre/kWh. Inntektene vil kunna variera frå år til. Fordelinga av ekstra inntekter mellom Kvam og Samnanger er ikkje heilt på plass, men Samnanger vil ha rundt 75 prosent av dei totale inntektene frå vassdraget, det same som i dag.
Eviny har også planar for nye kraftverk i andre kommunar. Auke i inntekter til kommunane vil variera frå prosjekt til prosjekt
Søkjer konsesjon før jul
Kraftverka vil liggja i Samnanger kommune, men det øvste magasinet (Svartavatnet ) ligg i Kvam herad. Her er nøkkelfakta om kraftverka, som no har fått sine endelege namn:
- Sotabotnen kraftverk: Pumpekraftverk ved Kvitingsvatnet som kan produsera når kraftbehovet er stort, og pumpa vatnet opp i Svartavatnet når behovet er lite. Kraftverket vil ha ein effekt på 100 MW.
- Børdalen kraftverk: Kraftverket vil liggja inne i fjellet med tilkomst via Børdalen. Inntaket blir i Kvitingsvatnet og utløpet i Samnangerfjorden. Dette vil både gi meir energi og større fleksibilitet til å produsera når behovet er størst. Kraftverket vil ha ein effekt på 159 MW
Samla sett for vassdraget vil utbygginga gi ein auke i effekten frå dagens 115 MW til 374 MW, med ein netto produksjonsauke på om lag 40 GWh.
Eviny planlegg å søkja konsesjon for dei to kraftverka før jul. NVE vil senda prosjekta ut på høyring, og kommunane skal då gi sine uttalar.
Ambisiøse naturmål
Eviny har nyleg vedtatt nye naturmål, som mellom anna slår fast at ein ikkje skal ha netto tap av kritiske og naturlege habitat i utbyggingsprosjekt frå 2030. Det vil også gjelda for kraftverka Eviny ynskjer å byggja ut i Samnangervassdraget.
– Vi har som mål at nye kraftprosjekt skal bidra til betre miljøstatus i dei eksisterande anlegga våre. I Samnanger gjennomfører vi no grundige konsekvensutgreiingar av miljø og andre relevante tema. Når vi får resultata av utgreiingane, vil vi sjå på kva avbøtande tiltak vi kan setja inn for å gjera inngrepa så små som mogleg, seier Erlend Tveiterås, prosjektleiar for Børdalen og Sotabotnen kraftverk.
Eviny har i fleire tiår samarbeidd med Norce LFI og Samnanger Jeger og fisk om miljøtiltak i Samnangervassdraget. Det har gitt kunnskap om kva tiltak som er dei mest effektive for å betra forholda for fisk i vassdraget.
– Vi har planar om ytterlegare tiltak for at laks og sjøaure lettare skal vandra opp i vassdraget. Dette er noko som vil skje uavhengig av prosjektet med nye kraftverk, seier Tveiterås.
Vil jamna ut pristoppane
45 prosent av energibruken i Norge kjem frå fossile kjelder som olje og gass. For å kutta utslepp skal fossil energibruk erstattast med straum, og mykje av dette vil vera uregulert kraft som vind og sol. I periodar med lite vind og sol kan vi få problem med å ha nok effekt tilgjengeleg i kraftsystemet. Det er bakgrunnen for at Eviny har kartlagt vassdrag som allereie er regulert til vasskraftproduksjon, for å sjå om det er mogleg å oppgradera produksjonen til å bli endå meir fleksibel.
– Det har blitt ein større ubalanse mellom forbruk og produksjon, og vi må tilpassa kraftverka våre til nye behov i samfunnet. Dei nye kraftverka vil gi oss større fleksibilitet, slik at vi kan auka produksjonen når kraftbehovet er størst. Dette vil bidra til å jamna ut dei høgaste pristoppane, seier Indrebø.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Eviny med svært god rating fra kredittbyrået Scope
Publisert 08. oktober 2025
Nyheter
Stend kraftverk får nye eiere
Publisert 01. oktober 2025
Nyheter
Norgespris fra 1. oktober
Publisert 22. september 2025
Fornybar energi
Eviny åpner kraftverk i Voss herad
Publisert 16. september 2025
Nyheter
Fra NHH til kraftbransjen: Ylva (23) skapte verdi med data i Eviny
Publisert 16. september 2025
Nyheter
Solid Eviny-resultat bidrar til fellesskapet
Publisert 29. august 2025
Nyheter
Eviny lanserer nye naturmål
Publisert 29. august 2025
Nyheter
40 sommerstudenter i sving for Eviny
Publisert 30. juni 2025
Nyheter
Entreprenørselskapet Eviny Solutions blir en del av AF Gruppen
Publisert 20. juni 2025