Sel Enivest til Telenor
Publisert 10. juni 2026
Telenor kjøper Enivest, ein av dei leiande fiberaktørane på Vestlandet. Transaksjonen verdset Enivest til 2,5 milliardar kroner. Eviny eig 55,8 prosent av aksjane i selskapet.
Oppkjøpet omfattar Enivest sitt fibernett og om lag 28 000 kundar, i tillegg til ein eigardel på 34 prosent i Årdalsnett, som har rundt 3 000 kundar.
– Dette er eit viktig strategisk grep for Telenor. Vi held fram med å investere i robust digital infrastruktur i Noreg og har tydelege ambisjonar om å vekse på breibandsområdet, også gjennom oppkjøp. Enivest er eit veldrive selskap med sterk stilling lokalt, som passar godt inn i vår langsiktige strategi, seier Benedicte Schilbred Fasmer, konsernsjef i Telenor.
Fordelar for kundar og tilsette
Gjennom oppkjøpet vil kundane til Enivest få tilgang til eit breiare tenestetilbod, inkludert Telenor sine tenester for digital sikkerheit og underhaldningsinnhald. Enivest skal halde fram som eige selskap med same leiing som i dag.
– Enivest har bygd opp eit sterkt fagmiljø og leverer gode tenester til kundane sine.Telenor har lang erfaring med å drive og utvikle fibernett i stor skala, og saman med kompetansen som allereie finst i Enivest, har vi eit godt utgangspunkt for å ta selskapet vidare. Ved å kombinere det beste frå begge selskapa skal vi styrkje tilbodet og utvikle framtidas digitale infrastruktur på Vestlandet, seier Birgitte Engebretsen, administrerande direktør i Telenor Norge.
God plattform for vidare vekst
Enivest har om lag 50 tilsette i Førde (hovudkontor), Sogndal, Florø, Stryn og Sunnhordland. Selskapet har vore i sterk vekst sidan starten i 2001 og er mellom dei største innan fiberkommunikasjon på Vestlandet.
– Enivest har ein sterk posisjon i regionen, ein stor kundebase og dyktige medarbeidarar. Vi har bygd ein solid plattform for vidare vekst, og med Telenor som ny eigar har vi gode rammer for å utvikle selskapet vidare, seier Nandor Helgheim, administrerande direktør i Enivest.
Tida moden for ny eigar
I januar vart dei tilsette orientert om at dei største eigarane, Eviny og SFE, ville selje Enivest. Konsernsjefane i Eviny og SFE er imponert over kva Enivest har fått til. No meiner dei selskapet kan få best utvikling framover med ny eigar.
– Vi er stolte over kva Enivest har betydd for å utvikle regionen gjennom å byggje kritisk infrastruktur. Selskapet har både levert sterke resultat og medverka til å utvikle eit solid kompetansemiljø av teknologiarbeidsplassar på Vestlandet, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.
– Vi har vore ein naturleg og riktig eigar i den fasen der det viktigaste har vore å byggje ut fiberinfrastruktur på Vestlandet. No er nettet i hovudsak på plass, og bransjen er i rask endring, mellom anna som følgje av frivillig opning av nettet. I denne nye marknadsfasen meiner vi at Enivest fortener eigarar med spisskompetanse på vidare utvikling og kommersialisering av fibertenester, seier Knut Arild Flatjord, konsernsjef i SFE.
Transaksjonen er avhengig av godkjenning frå Konkurransetilsynet og er venta gjennomført i løpet av 2026.
Eigarar i Enivest
- Eviny (55,8 %)
- SFE (40,3 %)
- Tussa IKT (1,7 %)
- Nandor Helgheim (1,4 %)
- Sunnfjord kommune (0,7 %)
- Hyllestad kommune (0,1 %)
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Gjør mobilmaster om til værstasjoner
Publisert 09. juni 2026
Nyheter
Studentene har stemt Eviny inn på topp 100
Publisert 28. mai 2026
Nyheter
Sterkt kvartal: Eviny aukar tempoet i energisatsinga
Publisert 21. mai 2026
Nyheter
Eviny kjøper vindkraftverkene i Bjerkreimsklyngen
Publisert 28. april 2026
Nyheter
Eviny med gode bidrag tilbake til lokalsamfunn på Vestlandet
Publisert 25. mars 2026
Nyheter
Studenter skriver bachelor- og masteroppgave med Eviny
Publisert 17. mars 2026
Sponsor
Her er vinnerne av Eviny-sponsoratet 2025
Publisert 12. mars 2026
Nyheter
Eviny reddar fisk i kulden
Publisert 24. februar 2026
Nyheter
1,1 milliardar kroner i utbytte frå Eviny
Publisert 12. februar 2026