SFE og Eviny jaktar nye eigarar for telekomselskapet Enivest
Publisert 12. januar 2026
SFE og Eviny har vedtatt å selje Enivest. Endringar i marknaden gjer at eigarane no meiner nye aktørar bør ta selskapet vidare.
Med hovudkontor i Førde har Enivest vore ein nøkkelaktør i utbygginga av fiberinfrastruktur på Vestlandet.Enivest har om lag 50 tilsette og har opplevd ein sterk vekst sidan starten i 2001. I dag er selskapet eitt av dei største innan fiberkommunikasjon på Vestlandet, med 28 000 kundar.
– Vi er stolte over kva Enivest har betydd for å utvikle regionen gjennom å byggje kritisk infrastruktur. Selskapet har både levert sterke resultat og medverka til å utvikle eit solid kompetansemiljø av teknologiarbeidsplassar på Vestlandet, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.
Endra konkurransesituasjon
Fibernettet i regionen er no tilnærma ferdig utbygd, og ny regulering inneber frivillig opning av nettet frå 2026. Dette endrar konkurransesituasjonen, men opnar også for nye moglegheiter.
– Vi har vore ein naturleg og riktig eigar i den fasen der det viktigaste har vore å byggje ut fiberinfrastruktur på Vestlandet. No er nettet i hovudsak på plass, og bransjen er i rask endring, mellom anna som følgje av frivillig opning av nettet. I denne nye marknadsfasen meiner vi at Enivest fortener eigarar med spisskompetanse på vidare utvikling og kommersialisering av fibertenester, seier Knut Arild Flatjord, konsernsjef i SFE.
Dei to konsernsjefane meiner at tida er moden for at andre eigarar saman med Enivest kan vidareutvikle tilbodet til dei 28 000 kundane på Vestlandet.
Selskapet ABG Sundal Collier har fått oppdraget med å leggja til rette for salsprosessen. Prosessen er godt i gang.
Ser lyst på framtida
Administrerande direktør i Enivest, Nandor Helgheim, meiner selskapet har eit godt utgangspunkt for vidare vekst.
– Enivest står sterkt i regionen med eit solid kundesegment og dyktige medarbeidarar. Vi har bygd ein plattform for vidare vekst, og nye eigarar vil få eit svært godt utgangspunkt for å utvikle selskapet vidare. Vi er offensive og ser lyst på framtida for Enivest og kundane våre, seier Helgheim.
Fakta om Enivest
Enivest er eigd av Eviny (55,8 %), SFE (40,3 %), Tussa IKT (1,7 %), Nandor Helgheim (1,4 %), Sunnfjord kommune (0,7 %) og Hyllestad kommune (0,1 %). Selskapet har lokasjonar i Førde, Sogndal, Florø, Stryn og Sunnhordland.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Ansatte i Eviny gir julegaven videre til seks organisasjoner på Vestlandet
Publisert 23. desember 2025
Nyheter
Banebrytende fartøy- og ladeprosjekt får rekordtilskudd fra Enova
Publisert 14. november 2025
Nyheter
Solid resultat for Eviny - slår markedet med 23 prosent
Publisert 06. november 2025
Nyheter
Eviny viderefører samarbeidet med Brann
Publisert 21. oktober 2025
Fornybar energi
Nye kraftverk vil gi millioninntekter til Kvam og Samnanger
Publisert 16. oktober 2025
Nyheter
Eviny med svært god rating fra kredittbyrået Scope
Publisert 08. oktober 2025
Nyheter
Nytt draktsett eller idrettstøy? Søk innen 15. desember!
Publisert 17. november 2025
Nyheter
Stend kraftverk får nye eiere
Publisert 01. oktober 2025
Nyheter
Norgespris fra 1. oktober
Publisert 22. september 2025