Fusjon mellom Eviny og SFE kan sikre Vestlandets kraft og vekst for fremtiden
Vestlandet står i ei kraftkrise som truar både industrien, arbeidsplassar og vidare vekst. Eit samanslått selskap av Eviny og SFE vil sterkare kunne møte desse utfordringane, er hovudkonklusjonen i ein rapport frå Ernst & Young.
«Eit fusjonert selskap vil vere meir robust, ha større løfteevne og auka utbyttekapasitet», er vurderinga til Ernst & Young. Saman med KPMG har dei hatt ansvaret for å utgreie ein mogeleg fusjon mellom Sogn og Fjordane energi (SFE) og Eviny, bestilt av dei to største eigarane. Første del av utgreiinga er no klar, og konklusjonane i rapporten er presentert for eigarane i Eviny på eigarmøte 14. november. – Hovudkonklusjonen er klar. Vi vil vere sterkare saman. Vestlandet er Noregs kraftfylke nummer éin, men vi står no overfor eit kritisk kraftgap på mellom 15 og 24 TWh – opp mot ein femtedel av landets totale kraftproduksjon. Utan meir kraft og betre nett risikerer vi at dagens industri svekkast og nye satsingar aldri kjem i gang. Dette set både dagens og framtidas arbeidsplassar i fare, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.
Sterkare saman i eit større selskap
Kraftbransjen har eit ansvar for å sikre at samfunnet får den krafta som trengst. Utgreiing har vurdert kva eigarskapsstruktur som best kan trygge framtidig energiforsyning og sikre at verdiane kjem Vestlandet til gode – med stabile utbytte til kommunane og nye moglegheiter for vekst. Konklusjonen er klar: Ein fusjon kan gi fleire viktige fordelar, blant anna:
- Auka gjennomføringsevne for nye kraft- og nettprosjekt med betre tilgang til medarbeidarar.
- Styrka investeringskraft for å sikre nødvendig auke i kraftproduksjon og stabile utbytte til kommunane.
- Sterkare fagmiljø som gjer selskapet meir attraktivt for ny kompetanse og utviklingsmoglegheiter for tilsette lokalt.
- Vi går inn i eit tiår med store utfordringar der behovet for meir kraft og stabil energiforsyning aldri har vore viktigare, og digitaliseringa og teknologiutviklinga går raskare enn nokon gang, seier Fresvik. - Over heile landet ser vi at kraftselskap styrkjer seg gjennom samarbeid. Skal Vestlandet halde tritt, treng vi tilsvarande musklar. Det klarar vi best ved å gå saman, ikkje for å samle alt på éin plass, men for å gjere heile Vestlandet sterkare, seier Fresvik.
Utbytte til lokalsamfunn og arbeidsplassar der folk bur
Kraftselskapa har eit samfunnsoppdrag som handlar om meir enn berre energiproduksjon. Utbytta frå selskapa går til kommunane og støttar finansieringa av viktige tenester som skule og helse. Selskapa spelar også ei sentral rolle som kompetansebedrifter i lokalsamfunna. Ei samanslåing vil ifølgje utgreiinga ikkje føre til sentralisering, men heller gi fleire moglegheiter for vekst lokalt. - Ein vellykka fusjon gir fordelar for heile samfunnet. Målet er å stå sterkare saman og sikre kraftforsyninga som lokalsamfunna våre er avhengige av. For dei som jobbar hos oss, betyr det fleire spennande arbeidsmoglegheiter og eit større fagmiljø å vekse i. For næringslivet gir det tryggleik og nye arbeidsplassar, og for kommunane sikrar det stabile utbytte som kjem lokalsamfunna til gode, seier ho.
– Vestlandet må rigge seg for fremtiden
Utgreiinga er initiert av eigarane i Eviny og Sogn og Fjordane Energi (SFE), og er eit første steg for å vurdere kva eigarskapsstruktur som kan sikre framtidig energiforsyning best mogleg. Alternativa som blir vurdert er samanslåing, vidareføring av dagens eigarskap eller å skilje lag. Basert på funna skal eigarane no avgjere om dei skal gå vidare til ei meir omfattande vurdering av fusjonsalternativet.
– Når vi ser på kva som krevst for å sikre ei berekraftig energiframtid for Vestlandet, blir det tydeleg at vi må vi rigge oss for framtida no. Utgreiinga viser av vi kan oppnå langt meir ved å slå saman kreftene, seier Fresvik. Med aukande energibehov og nye krav frå marknad og teknologi kan ikkje kvart selskap halde på status quo og møte utfordringane åleine. Fresvik meiner dette kan setje både arbeidsplassar og kommunale utbytte i fare.
– Vi kan ikkje lene oss tilbake og håpe på det beste. Vi må sikre at vi har musklar nok til å levere på samfunnsoppdraget vårt, understrekar Fresvik. – Utgreiinga gir oss eit godt grunnlag for å vurdere den beste løysinga framover, slik at Vestlandet står betre rusta til å sikre kraft, arbeidsplassar og vekst. Vi kan velje å vere små blant dei store, eller ta styringa og sikre at Vestlandet held fram som ein motor for norsk verdiskaping. No er tida inne for å gjere meir – saman, avsluttar ho.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Sogn og Fjordane Holding og Eviny skal utgreie grunnlaget for ein framtidig eigarstruktur i SFE
Publisert 17. juni 2024
Nyheter
Lokale beslutninger er nøkkelen til mer fornybar energi
Publisert 08. oktober 2024
Nyheter
Stanser arbeidet med Utsira Nord
Publisert 04. desember 2024
Nyheter
Gullkamp til folket
Publisert 18. november 2024
Nyheter
Eviny gir ny kraft til Vestlandet
Publisert 07. november 2024
Fornybar energi
Eviny planlegger sitt første vindkraftverk i Vindafjord kommune
Publisert 06. november 2024
Nyheter
Eviny har gjort tiltak mot flom i flere vassdrag
Publisert 30. oktober 2024
Fornybar energi
Eviny vurderer pumpekraftverk i Samnanger
Publisert 17. oktober 2024
Vannkraft
Tiltak i vassdragene hindret skadeflom på Vestlandet
Publisert 04. november 2024