Sogn og Fjordane Holding og Eviny skal utgreie grunnlaget for ein framtidig eigarstruktur i SFE
Det komande tiåret vil vere avgjerande for energiomstillinga og den grøne industriveksten på Vestlandet. Energiselskapa vil spele ei avgjerande rolle for regional utvikling med ringverknader som gagnar heile regionen. Derfor har styret i Sogn og Fjordane Holding og styret i Eviny sagt ja til å utgreie grunnlaget for korleis selskapa best mogleg kan møte framtida sitt behov for kraft og nett på Vestlandet. Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal delta i utgreiinga for å ivareta selskapet sine interesser.
Eviny har tatt initiativ til samtalar mellom Eviny og SF Holding, og dei to selskapa har signert ein intensjonsavtale som seier at selskapa saman med SFE i fellesskap skal sjå på tre ulike alternativ. Slå saman selskapa, fortsette eigarskapen som i dag, eller at Eviny ikkje lenger er aksjonær i SFE.
– Vestlandet står midt i eit avgjerande tiår der vi skal omstille Norges viktigaste eksportregion. Kraftbransjen har eit særleg ansvar for å legge til rette for å vidareutvikle industrien og dei arbeidsplassane vi har for å mogleggjere ny industri. I over hundre år har tilgangen på fornybar kraft vore fundamentet for levande lokalsamfunn på heile Vestlandet. No står vi føre eit tiår som vil definere framtida for generasjonar framover, seier styreleiar Jenny Følling i SF Holding.
– I denne omstillinga vil behovet for tilgang til meir fornybar energi, betre distribusjon av krafta, og utvikling av ny teknologi gjere at vi kan utnytte eksisterande kraft og nett betre. Med dette bakteppet og dei behova som ligg føre oss, er det heilt naturleg å sjå på korleis Vestlandet kan stå best rusta. Ein viktig del av dette er å sjå på korleis SFE best mogleg kan levere på dette viktige samfunnsoppdraget, seier Følling.
SF Holding er største eigar i SFE med 49,51 prosent av aksjane. Følling understrekar at begge selskapa har sagt ja til å utgreie tre alternativ for framtida si vidareutvikling av SFE. Utgreiinga vil skje over to fasar, kor fase 1 startar 16. september 2024, og endeleg rapport frå arbeidsgruppene blir lagt fram for eigarane innan 18. desember 2024.
Eigarkommunane i SF Holding og SFE vil så fatte vedtak om kva slaga alternativ som skal utgreiast vidare.
– Det betyr at vi er tidleg i prosessen, og at det er mykje som skal utgreiast. Vi ønskjer no ein open og god dialog med styret i SFE, eigarane og dei tilsette i selskapa. Dette handlar om kva som er til det beste for Vestlandet, våre eigarar, og dei tilsette, seier Følling.
Kraftbransjen i Norge er i betydeleg endring. Fleire selskap ser på korleis ein kan møte samfunnet sitt behov for meir kraft og meir kapasitet. Eviny er nest største eigar i SFE med 36,80 prosent av aksjane.
– Vi i Eviny er opptekne av korleis vi som region best møter dei mogelegheiter og utfordringar som ligg føre oss. Vi står i ei brytningstid. Det er avgjerande å sjå på kva som er best for vår region for å gjennomføre dei mest lovande prosjekta raskare, og dermed sikre ny og effektiv energi både for lokale samfunn og for Vestlandet som heilskap. Som offentleg eigde kraftselskap skal vi sjå til at vi set oss i best mogleg posisjon til å utvikle prosjekt regionen treng, skape resultat som kjem eigarane våre til gode i form av utbytte, og for å skape sterke fagmiljø som sikrar spanande og framtidsretta arbeidsplassar over heile regionen, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny.
Det største gapet mellom tilgjengeleg og etterspurt kraft i Norge er på Vestlandet. Samtidig er Vestlandet den største industri- og eksportregionen.
– Om vi ikkje klarer å utvikle nok kraft og nett i tide dette tiåret, står industriarbeidsplassar og moglegheiter i fare. SFE og Eviny er avgjerande aktørar for Vestlandet for å auke verdiskapinga for fellesskapet. No skal vi utgreie kva som set oss i best stand for å levere på oppdraget og oppgåvene vi har føre oss, seier konsernsjefen i Eviny.
Fakta: Sogn og Fjordane Holding (SF Holding) forvaltar den tidlegare eigarskapen til Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er i dag eigd av Vestland fylkeskommune og kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Stanser arbeidet med Utsira Nord
Publisert 04. desember 2024
Nyheter
Fusjon mellom Eviny og SFE kan sikre Vestlandets kraft og vekst for fremtiden
Publisert 18. november 2024
Nyheter
Gullkamp til folket
Publisert 18. november 2024
Nyheter
Eviny gir ny kraft til Vestlandet
Publisert 07. november 2024
Fornybar energi
Eviny planlegger sitt første vindkraftverk i Vindafjord kommune
Publisert 06. november 2024
Nyheter
Eviny har gjort tiltak mot flom i flere vassdrag
Publisert 30. oktober 2024
Vannkraft
Tiltak i vassdragene hindret skadeflom på Vestlandet
Publisert 04. november 2024
Elektrifisering
Eviny Solutions sikrer storkontrakt med Linja AS
Publisert 30. oktober 2024
Fornybar energi
Eviny vurderer pumpekraftverk i Samnanger
Publisert 17. oktober 2024