Statsministeren opna kraftverk i Jølster
Publisert 23. november 2022
Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune på tysdag. Vasskraftverket er eit av dei største som er bygd i Noreg dei seinare åra.

Kraftverket er eigd av SFE og Eviny med 50 prosent kvar, og forsyner 15 750 husstandar med straum. Med sine 252 GWh er Jølstra kraftverk eit av dei største kraftverka som er bygd i Noreg dei seinaste åra. I juni stod SFE og Eviny for opninga av eit anna stort kraftverk i regionen, Østerbø kraftverk, på sørsida av Sognefjorden.

– Vi er stolte på vegner av SFE og Eviny. Fordi vi får til dette i lag. Og er det noko vi verkeleg treng i møte med klimautfordringane vi står overfor, så er det samarbeid. Vi må løfte i flokk, og vi treng alle gode krefter med på laget, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny.
Jølstra kraftverk fekk konsesjon i 2018, og etter ein byggeperiode på i underkant av to år kom kraftverket i prøvedrift allereie hausten 2021.
Skånsam utbygging
Jølstra er ei populær fiskeelv, og fleire peika under opninga på den skånsame måten kraftverket er bygd på. Kraftverket nyttar eit fall på 131 meter, der vatnet blir ført gjennom totalt sju kilometer med tunellar i fjellet. Her er det gjort store tiltak mellom anna med ein avansert "buypass-installasjon", som gjer at påvirkninga på vasstanden i elva er minimal, sjølv om ein skulle få ein brå stopp i produksjonsanlegget.
– Vi er stolte over våre dyktige organisasjonar som har klart å utvikle eit såpass stort kraftverk på ein skånsam måte. Verda treng meir fornybar energi, og når vi nyttar naturen til kraftproduksjon, er vi opptekne av å gjere det på ein berekraftig måte, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi.

Også Jonas Gahr Støre lot seg imponere over utbygginga.
– Eg vil hylle det de gjer for å ivareta naturen med dette anlegget, uttalte statsministeren i si tale på opninga.
– Dersom ikkje Vestlandet lukkast, så lukkast ikkje Noreg. Og mykje av dette handlar om fornybar energi, heldt han fram.
Du er kanskje også interessert i:

Nyheter
Unikt damprosjekt kutter utslippene med 65 prosent
Publisert 29. september 2023

Hurtiglading
Eviny vant milliardkontrakt for ladestasjoner i Tyskland
Publisert 27. september 2023

Nyheter
Elektrisk "flyvende" båt tilbakela 777 km på et døgn
Publisert 21. september 2023

Nyheter
Lokal energi gir flere arbeidsplasser i Lyseparken
Publisert 20. september 2023

Nyheter
Taktskifte i jakten på fornybar energi
Publisert 31. august 2023

Hurtiglading
Første lynladere for bil og båt på Austevoll
Publisert 30. juni 2023

Elektrifisering
Eviny Solutions er i vekst og trenger flere på laget
Publisert 06. juli 2023

Sponsor
Festivalvettregler for Palmesus
Publisert 27. juni 2023

Fornybar energi
Stort solsamarbeid mellom BIR og Eviny
Publisert 21. juni 2023