Vesentleg svekka utbyttegrunnlag frå Eviny
Publisert 29. september 2022
– Konsekvensen av regjeringa si endring av skattesystemet er vesentleg svekka investeringsevne og utbyttegrunnlag for 2022, seier Rune Indrøy, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Eviny.
Onsdag morgon presenterte regjeringa fleire endringar i skattesystemet som har store konsekvensar for kraftbransjen. Hovedpunkta er ekstra skatt over 70 øre/kWh, auka grunnrenteskatt på vasskraft, innføring av grunnrenteskatt på vindkraft og inndraging av kommunale konsesjonskraft-inntekter.
– Vår foreløpige vurdering er at Eviny må betale 2,5 milliardar kroner i ekstra skatt for 2022, basert på dagens kraftprisar. Det betyr at utbyttegrunnlaget for våre eigarar blir vesentleg svekka, seier Rune Indrøy.
Statkraft eig 43,44 prosent av aksjane i Eviny. Resten av aksjane er eigd av 17 kommunar og to kraftlag på Vestlandet, med Bergen kommune som nest største eigar med ein aksjepost på 37,75 prosent. I fjor betalte Eviny ut eit utbytte på 916 millionar kroner.
På grunn av høge straumprisar er det tidlegare varsla at eigarane kunne forvente eit høgare utbytte i 2022 enn i 2021.
– Det vi seier no er at skatteendringsforslaget til regjeringa vil svekke utbyttegrunnlaget for våre eigarar, altså fleire kommunar på Vestlandet, seier Rune Indrøy.
Han legg til at forslaget frå regjeringa også betyr at vertskommunane til Eviny vil få lågare inntekter frå eigedomsskatt.
– Oppsummert betyr det at forslaget frå regjeringa er negativt for våre eigarar, det kan hindre utbygging av ny fornybar kraft og bremse farten i det grøne skiftet, seier konserndirektør Rune Indrøy.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Vindkraft på land sikrer lokal velferd og industrivekst
Publisert 02. juni 2025
Nyheter
Økt bruk av teknologi gir økt verdiskapning
Publisert 02. juni 2025
Nyheter
Et av de mest verdiskapende selskapene i Norge
Publisert 02. juni 2025
Elektrifisering
Tredje forbindelse fra Samnanger til Kollsnes viktigere enn noen gang
Publisert 02. juni 2025
Nyheter
Vekstambisjoner som gir regionale ringvirkninger
Publisert 02. juni 2025
Nyheter
Kritisk infrastruktur under angrep
Publisert 02. juni 2025
Nyheter
Jon Fredrik Baksaas blir ny styreleder i BKK
Publisert 27. mai 2025
Nyheter
Økte kraftinntekter gir oppgang for Eviny
Publisert 23. mai 2025
Fornybar energi
Fjernvarme får gjennomslag i ny energimerkeordning
Publisert 14. mai 2025